mandag 23. februar 2015

18 (+10) and life!



Eg har vore 28 i snart to veger. Å det har gått overraskandes bra. Alderen e kje så kul, men det å ha bursdag e faktisk heilt sykt kjekt. Og overraskelsar e fascinerande kjekt! Med unntak av surpriseparty,  som hadde vore mitt verste mareritt. Greit å snika inn det og med jevne mellomrom. Eg kan ikkje komma viss du arrangere - å stakk av sist eg frykta det.

Bursdagen min starta med overraskelse. Perfekt start! På bilen låg der pakke og kort fra den sammensvorne kundeavisfanatikersøsterå. Eg ska ærligt innrømma at eg stakk hode rett ut dørå når eg våkna, å sjekka om der plutseligt konne ligga någe der. Fryktele usjarmerande. Men en kan jo aldri veda.. Å der låg jo någe der og.Gubba kor kjekt!

På jobb fekk eg både sjokolade, druer og tomater (nå mislike eg sterkt tomater, men dei blei te glede for mange andre). Å som om ikkje det va nok, låg der pakke i bilen etter jobb frå kikkertsøsterå. Selskap med ennå mer pakkar, pakke fra kjekke naboen, å roser fra kjekke romkameraten på jobb! Eg e heldige!

 

Med jevne mellomrom, og stort sett, så føle eg meg riktigt så unge. Å det e eg jo strengt tatt og, viss eg bare menge meg i rette sammenligningsgjengane. Å når eg menge meg med naboen på 23, så føle eg meg totalt på samma nivå. Muligt hu syns eg e heilt idiot, men eg føle eg e totalt DER å ikkje ein dag eldre.

 

Dessuten e det en bonus når en i hode vokste opp i Stavanger på 60-70 talet, å allikavel bare e 28. Godt gjort! På et par områder merke eg ligavell at eg begynne å bli gammale. Rutinar e en fin ting. Legga viktige ting i plastlomme e og en fin ting. Ikkje te å kimsa av. Mappifisera maila e en fin ting. Rekord i antall mappifiserte maila e en ennå finare ting. Torsk mandag-torsdag e en fin ting. Gräddost, leverpostei og makrell i tomat e fine faste pålegg. Gulrot, pære, kiwi og mandariner e fine faste frukter. Og Creedence og Springsteen e en fin ting.

Kodeordet te "Kjærlighet Uten Grenser" derimor e en ufin ting. Totalt unødvendigt.  P3 e en ufin altfor kul ting. Vikara i P4 i vinterferien e en ufin ting. Heilt udav rutinane. Emojis e en ufin ting, rote te heile tastaturet.

 

Men eg har mine områder, faktisk, der eg går i mot alt. Eg bryr meg ikkje om ka eg kler meg med, syns det e kult med joggebuksa oppi tennissokkar, å med badesko te. Å eg kan hørra på 80/90-tallshits å ver heilt i hundre å überkul (i den grad det e überkult med 80/90-tallshits..) Å det e ein frys å gjer ting som en ikkje "ska" gjer. På lørdag va det VM-lunsj med naboen på 23. Undertegna åpå 28 kjøpte i forkant inn ansiktsmaling - for tenk så kult med norske flagg på kjegen. U tullde litt på forhånd med 23-åringen om kor kult det hadde vore, å då lo di begge to, hu på 23 åg. Heilt te det blei alvor. Då lo u ikkje så møje, å såg egentle litt halvpinlige ut. Men, som den eksemplariske naboen hu e, hørrte u på den eldre i 28-årskrisen, å blei med. Ittepå sko 28-åringen på kvadrat, å ville reisa med norsk flag og Northug på kjegen.

 

23-åringen va litt skeptisk, å syns kanskje det va litt barnsligt. Det anbefales te adle 28 +. Aldri har SÅ mange smilt te meg på Kvadrat. Aldri har Carlingsmannen sagt u va søde, eller Fjordkraftmannen at an elska na. Syns bygården burde gå øve te Fjordkraft - langt bedre kundeservice. Det gjelde bare å komma seg ner fra Mulebakken uten å bli sett først..

28 ska bli et perfekt år! Året for å gå imot (kanskje..) alle tvangstankar og jobba mot rutinene - bli impulsive rett og slett! Te en viss grad. Ein trenge kje overdriva heilt. Men gubba det ska bli bra! Dessuten e eg sykt heldige, eg har fantastisk familie, kollegaer, kundar og venner, eg e heldige!! For ikkje å snakka om fryktele jille naboar, den eine mer utagerande enn den andre. Fint liv! Lite å grina for!




To gode naboer!

                        Nedtelling te å treffa this little guy igjen! GLEDE! Frå mi sida i alle fall...

søndag 8. februar 2015

Aleina.



Eg har alltid sagt at eg trives i mitt eget selskap - å det gjer eg, stort sett. Men, forrige fredag - då hadde eg mer lyst å henga med adle andre enn meg sjøl. I utgangspunktet så hadde eg en plan, men den blei avlyst. Når fredags ettermiddag då komme, å du skue ut øve ei lang helg uten någen som helst form for plan eller aktivitet, då blir eg stressa. I alle fall viss eg har lyst å gjer någe. Det hadde eg altså denne fredagen. Ingen å ver me fant eg, ingenting å gjer heller. Klart rydda å vaska kunne eg, men sei at då lørdagen sko komma uten någe opplegg då heller, då ville det jo vore fryktelig trist å brukt opp vasking på fredag, så den beslutta eg meg for å spara te lørdagen.

Når en sidde sånn, å prøve å finna på et eller aent, eller ein eller aen å henga med, då føle en seg aleina i verden. En vett jo i teorien at en e ikkje det, men akkurat der å då så telle ikkje det så møje. Eg va altså heilt aleina i heile verden. Adle mine fredager, lørdager å søndager kom te å ver akkurat sånn, det va eg heilt overbevist om. Viss en e heilt aleina i verden, då e der ein ting en for alt i verden IKKJE må finna på å gjer. Det e å trigga aleinafølelsen. Det e en enkel fremgangsmåte å gjer det på, nemlig å setta på melankolske, halvtriste å ikkje minst sangar som minne deg om någe. Dette va eg fullstendigt klar øve, men eg valgte ligavell å sedda på "Help" med John Farnham. Gubba, kan du tenka deg! Resultatet va någenlunde som forventa. Eg sette meg i sofanen, hørrte på "Help me if you can I'm feeling down, and I do appreciate you being 'round. Help me get my feet back on the ground. Won't you please, please help me." Problemet va jo at eg va aleina, der va ingen som kunne hjelpa meg. Sånn sett trengte eg egentle ikkje hjelp te någe heller. TV'en va av, stearinlys va tent - ska en fysst kjøra en "Aleina-session" så kan en nå jaffal gjer det skikkeligt.

Det endte på golvet, i et hjørna, me ei puda - hulkande. Det ville jo vore for dumt å såde vanligt i sofaen å å grene, det ville jo bare sitt teit ut. Amatørmessigt. Når sangen va ferige så kjente eg at dette va jo litt teit. Litt pinligt når det blir heilt stilt i rommet å sidda å grina. Så, eg lo litt av meg sjøl, å så vaska eg meg under auene å reiste te Ålgård. Kurere det mesta!

Eg har fått meg høyttaler. Eg har aldri hatt høytaler før - å det e en fantastiske følelse å ver i besittelse av ein. Adle så vil bli usannsynligt gla burde kjøba seg en høytaler. Eg blir mesten rørte av å sjå på an! Tenk at me to kan ha det så jillt ilag! Då e det plutselig sykt kjekt dei gongene du faktisk e totalt aleina å ikkje har någen å ver med. Tenk "Help" på høyttaler. Det kan bli grining det! Når eg pakkte an opp, plugga i, å sette i gang "Dirkefri", så kjente eg mesten eg blei litt skuffa at ikkje heila nabolaget kom springande å beundra mesterverket.
Men, høytaleren min e altfor gode. Heile bygården hørre høytaleren min - å kommentere at eg har fått meg ein gode høytaler (kanskje dei bare e gla på mine vegne..?). Nå e høytaleren min beslaglagt.

Dei fleste har nok fått det med seg, å blitt lei av, å hørra den fantastiske historien. Da Han møtte Henne. Da Dag møtte Bente. Det e fint å ta det i den rekkefølgen, det får meg te å se bedre ut. An Dag spele reyar på Betanien om dagen. Å der sko eg å an far. Ved (gjentatte) tidligere tilfeldige å kvardagslige anledningar (Les: 2 ganger i heila livet. Bursdager.) har eg fått melding av an Dag. Det har vore ganske triveligt det. Eg såg det dermed som min plikt å melda i fra om at me kom på revyen. An svart kort tid etterpå; "Så kjekt. Då MÅ me ta ein prat ittepå. Vent io baren ved siden av scenen. Eg komme ut. Dag." 

Ingen smilefjes, men akkorat med dag så går det heilt fint. Eg va i ekstase. Eg sko treffa Dag. Dag Schreiner. Overlykkelig, nervøsen å heilt i hundre. Ka sko eg ha på meg, ka sko eg spør an om, konne eg spør om autograf? Revyen va fortreffelige. Å me venta på an ittepå. Det ville jo vore ufint å latt han ha forhåpninga å stå å venta, å at me ikkje kom. Dag kom - å starta med ein klem. Perfekt. Ein blanding av enorm glede å litt en tanke om eg kanskje burde skjems av å ver 27 år å stalker. Eg holdt meg te å fortella at revyen va fantastisk - å utelot "huske den gangen eg va utenfor huset ditt bare for å sjekka kor du budde" biten. An va liga trivelige i virkeligheten som på melding. Han å far mimra litt om gamle dager, før me takkte pent for oss å tok farvel. For ein Dag! Nå trur eg ikkje eg ska senda melding på ei stund. An må jo ikkje tenka at eg e heilt galen heller.

 Se så lykkelige de e.

 Hu bak e visst og med. Koseligt.
 Schinn og Schreiner - alltid en hit!

onsdag 31. desember 2014

Klar, ferdig, GÅ!

Eg har et relativt intettilstedeværende konkurranseinstinkt når det gjelde konkurransa og spel generelt. Heilt OK å tapa, å trenge ikkje ver fysstemann. Spesielt ikkje i selskapeligheter, då e eg alltid sist. Men mot mitt eget kjøtt og blod, mot meg sjøl, der e det en evig konkurranse. VM i Effektivitet. Konkurransen foregår på alle mulige plan. Kor mange deiga kan eg laga på 3 tima. Kor mange gonge kan eg dobla oppskriftå, å overgå mengdane eg lagte sist (som forøvrigt og va altfor møje), å den største av dei alle; Kor fort kan eg få alt på stell etter å ha vore ute.

Sistnevnte tok eg ny rekord på på mandag. Reiste på nyttårshandel etter jobb, å innom både Biltema, kjøpesenter, Rema, Kiwi, Coop Mega å Coop Extra. En må jo innom alle plassa for å gjer dei gode innkjøpå. Heile bilen full av posar. Muligt det e litt bilen sin feil og, si den e liten å posane store.. Mens eg kjøre rundt rekne eg på kor lang tid det blir i kvar butikk, å plusse på halvtimen heim. Viss eg rekne meg fram te at klokkå blir øve 8 før eg e heima, begynne stressnivået å stiga. 8 e det magiske tallet. Der skjer ingenting klokkå 8. Ingenting eg ska rekka, ingenting så begynne akkurat 8, å ikkje trenge eg stå opp før halv 7 - så eg trenge absolutt ikkje legga meg 8. Men 8 bør eg for den mentale helså sin del ver heima. Så begynne konkurransen. Kappløpet.

Det starta i det eg låse opp dørå. Springe fram å tebage mellom inngangen å bilen å bære inn posa. Inn, på med fjernsyne, tenna lys. Sortera på plass alt. Må på do, å jakken e på ennå. Legge alt på plass, sette et par gryte på kok.Å springe ennå fortere fram å tebage ittekvart så toalettbehovet blir mer kritisk. Legge torsk i ei gryta, skrelle gulerøtte - utejakken ennå på. Veldig upraktisk, armane e litt for lange å blir stadigt blaude under vasken. Jakken beholdes likevel på. Har ikkje tid å ta an av. Ser på klokkå, 5 min te torsken e ferige. Oppi me grønnsake på full guffe. Tebage te fjernsyne, tar med bestikk, salt å drikka på veien, å sjekke tv-guiden. Finne et program, legge klart bestikk, å legge klar ei puda te å ha i ryggen i sofaen. Får vondt i ryggen å blir så langt fram e bordet viss ikkje. Torsk ferdig, grønnsake koke. Ut med smør, av med plate, slår av vatne. Legge alt på tallerk, springe på do, jakken på ennå. Ennå mer upraktisk. Vaske hende, sette gryte i oppvaskmaskinen, å tar med tallerken bort på stovebordet. Tar av jakken. Alt klart. Ser på klokkå - rakk det igjen. Eg vant.
Å nåde TV'en viss det e reklamepause eller programmet e slutt i det eg e klar te å begynna. Det har me ikkje tid te. Halv 9 å eg har rukke alt - ingen ting å gjer igjen. Tenk dei så fordele ting litt utøve å har et normalisert forhold te ting.

Eg har ein illusjon om at eg e hu koseliga på gamleheimen. Hu så tralle å strikke, å ler å fortelle historia, å som alle pleierskane krangle om å få "ta".  Men eg vett at det ikkje stemme. Det blir ikkje sånn. Eg blir hu så sidde mentalt forstyrra på rommet aleina, i ubalanse øve at middagen blei servert fem øve 4 i plassen for 4 for 2 år siden. Komme aldri te å komma øve det.

 Det jillaste så fanst når me va små va å ommøblera i stallen. Setta gjeteren inn der Maria sko stå, å mixa å matcha englane å dei vise menn. Viss me tog heilt av va Jesusbarnet på taket, elle asen kom inn som Josef. Eg prøvde å lera Sofie litt om dette sist barnevakt, men eg kjente at der va litt fleire moralske å etiske problemstillinga så meldte seg nå - så det blei i mildere forme å med mindre latter.
Verdens jillaste barnevakt e fremdeles målet. Usikker om det e nådd, men at u fekk ver oppe å sjå film møje lenger enn avtalt har forehåpentligvis hjulpe. I tillegg fekk me en kvalitetssamtale om kæforr Bente hadde sjokolade under skoen sin. Me komme te å få mange fine samtale eg å Sofie opp gjennom årå.

lørdag 13. desember 2014

Manneengel leker med babyengel på gulv søkes.

Eg har hatt ein del jobbar. Byrkjedalstunet, Gilje Tre, Lyse, Rema 1000, Tryggheim ungdomskule,  Positiv Opplæring, Åseheimen,
Gjesdal Gjestgiveri – å nå Gilje Tre igjen. Når en slutte i jobb for en jo gjerna en liten oppmerksomhet – å det har eg gjort og. Eg huske ikkje alle, men ein gave sidde spikra.
Siste dagen på Tryggheim ungdomskule va alle samla på lærerrommet, te en liten avskjed. Å eg fekk pakke. Det e jo någe så hette at i krisesituasjona går kroppen på autopilot. Det kan bl.a. inntreffa viss du havne i ei ulykka. Plutselig så handle du, sjøl om du egentlig ikkje ane på forhånd ka du ville gjort. Någe tilsvarande trur eg det va som skjedde med meg.

Når eg gjekk på v.g.s., så budde eg men a Astrid. Hu hadde någen englar/figura, i en spesielle og kjente serie. Willow tree. Der finst englar/figurar for alle anledningar. Små englar, store englar, dameenglar, mannaenglar, gravid dameengel med mannaengel som holde på magen, dameengel med babyengel i gyngestol, mannaengel som leke på golvet med babyengel, gamleenglar med foreldreenglar å babyenglar – heile alle generasjonar e med! Der e ikkje måde på adle scenarioene du kan få desse englane i.

Di e ganske populære – å spesielt i någen kretsar versere di for fullt! Eg har aldri vore en fanatikar itte pyntfigura. Med unntak av Lykke og Trykke – lykketrollå så va med på adle turar når eg va litt mindre. Men dei fantes bare som Lykke og Trykke, ingen foreldre, besteforeldre, barn, gravid eller gyngestolversjon av Lykke og Trykke. Hadde du Lykke og Trykke – så va serien komplett.

Sånn e det ikkje med Willow Tree. Det e en evighetssirkel, å eg kjenne eg blir meste stressa av at en ska ha utstilt adle desse englane. Spesielt den med mannaengelen som leke på golvet med babyengel. Den ane eg faktisk ikkje kor eg sko plassert. An passe rett og slett ikkje inn interiørmessigt.

Men, når eg da åpna pakken fråd ei kjekke folkå på skulen, så åpna eg en Willow Tree engel. Krisesituasjon à  Sjokktilstand à Autopilot.
Eg har jo tidligare hatt drama på lærarskulen, å eg tur ingen stusste på reaksjonen.
«Åh, TUSEN TAKK! Sååå fine!! Eg samle jo på den serien, men AKKURAT DEN har eg ikkje!!» Eg trur faktisk aldri någen har blitt SÅ entusiastiske for en Willow Tree engel. I alle fall ikkje någen som ikkje samle på Willow Tree englar.

Willow Tree engelen min har flytta inn sjå Tone Kristin å Olav Erik. Dei samle selvfølgelig på Willow Tree englar. Di e utstilte og. Men eg trur ikkje di har den med mannaengelen som leke med baby på golvet – DEN ønske di seg nok te jul.

torsdag 11. desember 2014

Reinhold Schreiner

I dag hadde eg tenkt å gjer det. Legga an te. Erklæra vennskapet vårt for offisielt åpna. An måtte jo kjenna igjen etternavnet i alle fall. Å eg har jo lagra nr hans, å han har jo i alle fall hatt muligheten te å lagra mitt åg. An har jo fått någen meldingar.
Men an e der ikkje. Eg finne an ikkje.Det nærmaste eg komme e 6 versjona av "Dagmar Schreiner". Hu har eg aldri hørrt om - å eg e ikkje så intresserte i "mar"-en. I tillegg komme en "Reinhold Schreiner". Men det va kje han heller.. Eg ville bare hatt an Dag eg. Muligt eg må senda an en melding, eller kanskje aller helst stikka oppom an en tur. Det e jo en del år si eg va der sist - å eg vil jo ikkje an ska tru eg e sinte på an elle någe..
Men, enn så lenge får eg ta na Dagmar. Sikkert kjekke hu åg.

An Dag e kjekke, å sikkert u Dagmar å an Reinhold åg, men der e jammen mangen kjekke folk sånn utenom kjendisane og.

På jobb har veldig mange delt kontor. Det har eg og - eller, me. Nå e eg litt usikker kor taushetsplikten inntreffe, men sånn for ordens skyld kan me jo unnlata navnet på min kontorkollega. En risikere jo å havna med kem som helst når en ska dela kontor med någen, å eg må innrømma at eg ikkje visste heilt om eg sko gleda eller grua meg når eg fant ut kem eg sko sitta me. Akkorat så å få veta kem en havna på lag med i gymmen (eller kem en ikkje blei på lag med for en blei ståande igjen i høydehopplagsutvelgelsen..)
Men gubba eg va heldige! Ikkje at eg kunne endt opp med någen heilt krise, men eg e rett å slett meget fornøyd!

Me e ganske ulike - på mange måtar - å det som e litt kjedelig for min del e at der me e ulike e det hu som komme best utav det. Hu kan ikkje sei någe som kan ver i nærheten av stygt, om någen.  Det kan eg. Eg har tenkt at eg e ganske gode på det eg åg, å la ver alså, men sammenligna med henna konne eg vunne VM i ufine ting å sei. Ber her om at du holde fokus på at her e det hu så e eksepsjonelle - ikkje eg om bare snakke stygt om folk.. Du kan testa na åg, prøva å få na på spore av någe - funke ikkje.

Fysste gong u lukkte dørå te kontore, så tenkte eg at hold meg fast, NÅ ska u visa seg menneskelige hu åg. Eg måtte meste smila av glede at øyeblikket endelig va komt - å mangla bare popcorn å litt smågodt. Men, det va ikkje i nærheten en gong. Skuffelse de lux. Hu lurte på en kundeavtale, og døra blei lukka i tilfelle der tilfeldigvis sko vandra någen kunda i gangane som ikkje sko få med seg dette her.  Nå har eg ikkje ein gong forhåpninga når dørå blir lukkte..

Å sidda to på et kontor e fantastisk når du lure på någe, elle har glømt koss det va med det eina eller det andra. Hu komme seirande ut av den og. Når EG lure på någe, så snur u seg rundt, tenke å svare, å tenke litt te - å sette seg inn i det eg lure på. Når hu har svart, kan eg fint glømma å sei takk, å snur meg tebage te skjermen - mens hu kan sitta (fremdeles vendt mot meg, å nå bare ryggen min..) å tenka itte å forsikra seg om at eg har fått rett svar.

Når HU lure på någe, så har hu en aen tilnærming enn meg. Hu åpne med "Kan eg spør deg om en ting?". Den e langt triveligare enn min rett på sak.. Å vise at du tar den andre seriøst, å he respekt for at den kan ver midt oppi någe.
Men, når då hu har fått tillatelse te å spør meg om en ting, å då spurt, då e der to versjona av meg.
  1. Versjon 1 e den som gripe tak i kaffikoppen, snur kontorstolen rundt, å e klar te å lytta å hjelpa. God tid.
  2. Versjon 2 e stressa Bente. Tar ikkje kaffikoppen, snur seg halvveis rundt, å mens kollegaen utdype problemstillingen å spørsmålet, så e Bente litt til stede, litt snur stolen halvveis tebage å fortsette å skriva på PC'en, litt te stede igjen, litt skriving. U e så veldig raske med å snu stolen tebage igjen, for så å kanskje få dårlige samvittighet å fortsetta å snakka litt te -  med ryggen te å mens eg e heilt inni det eg holde på med, vel å merka.
Heilt klart ikkje eg som vinne den heller.
For ei stund si hadde me medarbeidersamtale. Eg hadde då nærmast en heile andakt om kor fornøyd eg va. Burde ha sunge någen sangar åg - men det blei det ikkje kkurat den samtalen. I ettertid har eg tenkt at gubba kor pinligt viss hu andra rett etter min hyllest har tilstått at det e ikkje någe særligt, å at viss der blir någen ledige kontor vil u gjerna flytta ut..

Eg komme veldigt dårlig ut av det med denne kontorløsningen. Eller, personlighetsmessigt tape eg någe veldigt, mens sånn gevinstmessig sett så e det jo eg så har vunne. Bare ikkje sei någe te na, kanskje hu ikkje ane någe å tenke at hu e heldige..stakkar..

Det einaste eg score på e kundeaviskontroll. Der e hu faktisk rimelig elendige. Eg føle meg som tidenes gjerrige kjiping når eg fortella na om supertilbudet der e på Rema denne vegå. Å hu har aldri fått det med seg. Mens eg erkjente at eg trudde nesten aldri (kan tellast på ei hånd i alle fall) eg hadde kjøpt en kjøttdeig te fullpris, konne ikkje hu ta igjen at hu hadde gjort någe aent. DÅ kjente eg jo at det gjorde vondt inni meg. Ikkje så lenge itte denne dype samtalen, så kom det tilbud på kjøttdeig. Me blei enige om at det va en god ide at hu å hennas familie hamstra litt då. Når helgå kom, å tilbudet nærma seg slutten, hadde eg mest lyst å senda en påminnelse - men holdt meg for god for den slags innblanding i familien. Vil jo ikkje VIRKA heilt galen heller.. U hadde glømt det. Ny vega med eksklusiv fullpriskjøttdeig.

Det sette meg egentlig ikkje i någe godt lys det heller. Nå e eg både kjipe, snakke stygt å stressa.
Men, eg har en viss omtanke. Ein dag for någen veger si hadde hu glømt ettermiddagsskjevå si. Full krise. Konne mesten sjå koss u bleikna, å blei slakkare å slakkare, "eg har glømt skjevå mi heima". Det va nesten en nær døden opplevelse på delt kontor. Itte det har eg passt på at der ligge litt nødproviant lett tilgjengelig. Viss någen sko glømma skjevå si å gå i sjokk..

Neste gong trur eg eg kun ska snakka fint om någen. Ikkje ta med meg sjøl som en motpart for å visa kor bra den andre e. Det sedde meg i et ekstremt dårligt lys. Evt. må en heller bruka någen andre som det dårliga eksemplet..

 

                                     GOD JUL!


mandag 1. desember 2014

Prisen for Årets jul på 1-2-3 går til..?

Sånn egentlig så har eg ikkje et veldigt utvikla konkurranseinstinkt. Eg trur i alle fall ikkje det. Men, julen 2014 har på mange måtar blitt ein slags konkurranse. Eg pleie alltid ver ute i god tid. Mine (minst!) 7 sorta e klar ei vega før advent, å alt e på stell. Eg e alltid fysst. Alltid.

Eg levde i fred og fordragelighet, og trudde eg hadde heile kontrollen å va i tet bare i form av planlegging, heilt te forrige mandag. Snap e det stora nå. Å forrige mandag fekk eg ein. Det har eg
for så vidt fått før åg, oppte fleire på ein dag, men denne va av någe heilt spesielt. En småkakedeig. Siri sin småkakedeig. Hu va i gang. Før meg. Eg kjente eg blei stressa, sjekka datoen - va eg seint ute..? Hadde eg tapt meg..? Va eg sjuge, sleden, elle p åranden te å bli ei som bare har seks slag te jul..?

Instinkte i meg slo inn me ein gong. Ner på krambuå, handla inn på ingrediense, å heim igjen. Smelte i samen 5 deiga, fant fram kakebomme, å sprang fram å tebage uden mål å meining. Å kjøkkenmaskinen kjørte, å kjørte, å kjørte - te der begynte å lukta litt småsvidd av an.

Neste dag va totalt via te steiking. Eg trudde eg hadde tid te å i alle fall eda middag fysst, men det sko eg jo aldri gjort. Borkasta dyrebar tid. En deig blir vel i snitt en 60-70 småkake. Eg hadde 5 deiga. E me optimistiske å går ut fra "bare" 60 småkaker per deig, blir de 300 kake - cirka 25 kake per brett. Kvart brett steige i snitt 10-15 min. Eg hadde cirka 12 brett. Totalt blir det då ca 180 minutt, eller 3 timar om du vil. Å det e effektiv steiketid. Effektiv steiketid kan du ha viss du har 12 steikebrett, å bare kan lina opp te steiking. Eg har ikkje 12 steikebrett eg. Eg har 2 store brett, å et par mindre. Eg steikte, trillde, steikte, trillde. En heile arbeidsdag hadde eg et idyllisk småkakeverksted. Litt varmt blei der, litt vel møje småkakelukt kanskje  - å litt i overkant mange småkake.. Ikkje hadde eg på julamusikk, ikkje va der någen nynning å godstemning, å ikkje i någe utprega julastemning - men eg gjorde det eg sko gjer. Jobba meg gradvis oppover på flink pike skalaen. Flinke pike e klar te jul. Flinke pike har kakebommene stabla opp te advent, å ler litt av dei som ikkje e i gang ennå, mens di lire ut at "det gjer jo ingenting, gode tid", sjøl om di tenke någe heilt aent inni seg.

Midt i stekeheten kom der ein nye snap. Frå den same så stelte i stand kaoset. Ein fin, koselige å idylliske snap av ei julastjerna, å en julastake. Pynting? Nå? Eg va kokvarme å dampa småkakelukt, å hadde så absolutt ikkje tenkt å dra fram någe julapynt i dag! Like etter kom ein nye snap. Fra Mona. Vanligvis sende Mona av ei sjokoladeplata, av Kjelli så søve, eller av ungane. Men ikkje denne gongen. Denne gongen va det ei julastjerna derifrå åg. Hu lurte på om hu sko gå for den nyinnkjøpta elle fjorårets. Eg pleie jo alltid ver før Mona jaffal..?

Eg sprang mellom steikeogen å soverommet. Drog fram  på julaøskje i adle retninga, tebage å bytta brett i ovnen, sette opp ein engel, trillde ut neste brett, monterte halvveis ei julastjerna, bytta brett, sette opp adventsstaken - men hadde ikkje tid å plugga an i. 6-7 tima med effektiv steiking å pynting. En heile arbeidsdag på Jula. Dei neste dagane kjørte eg temdaga med konfekt. Mens Siri kjørte dei tradisjonelle issjokoladane, avanserte eg med 3-lags med issjokolade, nougat, issjokolade - å selvfølgele ei valnøtt oppi.

Nå e alt oppe. Ikkje ferdigstilt, men det e i alle fall oppe. Eg e ennå me i konkurransen. Eg har minst 300 småkake, 3 slag konfekt, å mer i vente.

Å ja, julatreet e oppe. Spar meg. Game on!

Han har nok åg både sandkake å brune pinna klar!

mandag 28. januar 2013

Svikta av frøken Damli

Eg konkludere ofta me at eg e kje så jentete av meg. Når Fredrikssons å Eldrebølgen e blant favorittane, matlaging å aftenbladet dei styste hobbyane, å bladet en har mest lyst på i butikken e "for kvinner 40+" - så gir kje det så møje grunnlag for å konna kalla seg en tenåring lenger...

Men, eg har mine jenteside. Å dei e totalt småjentete og. Den eine tingen va eg sikker på eg va for voksen te nå, men nei. Eg va tebage, eg grein, eg lo, eg va en del av dei igjen. Eg å dei. Me. One Tree Hill sesong 9, den aller aller siste. Der oppstod riktignok et lide personlighetsproblem når "eg" (les: Peyton) ikkje va me i serien lenger, men det heila ordna seg i løpe av en episode. Nå e eg Brooke.

Så te det som nok drar meg totalt ner: Eg ser Tone Damli realityserien. Å får eg ikkje sitt an, så tar eg an opp. U Tone e jo velsigna med et nærmast påtrengande fint ytre, mesten så en kan kjenna en bitteliden følelse av at en ikkje unne u alt. Konne jo vore fordelt udøve på litt fleire..bare en ide..
Men, når di - eller hu - reklamerte for denne serien, så va det me løfte om at en sko få sjå "hverdagsTone". Tone som nettopp har stått opp, Tone som ikkje har sminka seg ennå. Tone i grå joggebuksa. Å det e her eg vel legga inn en bitteliden klage. Eg føle kje heilt at eg får det eg betale for. Ikkje foreløpigt jaffal. Der sidde eg, med mi "loose pants" fra Cubus, bukså oppi tennissokka, alt håret samla i en dult å uten sminke, å tenke "Nå Tone, nå ska eg få det bekrefta; du å eg e kje så ulige me." Eg har jo fått masse ant alså, for all del! Eg har fått tone hos sminkør å frisør - igjen, Tone dansande i bikini på en båd. Tone med vippeextensions. Eg har og fått tone i bikini å Tone i bare tskjorta MENS u BLIR smørte inn med vaseline på brystvortene .Nå e de veldig sjelden at eg smøre inn akkorat det område med vaseline, eg har smørt hendene av å te, men då smøre eg stort sett sjøl... Syns ikkje det e nødvendigt å pålegga sånt te andre...å veldig sjelden mens eg står på en båd å blir filma...mulig det har hendt et par gonge, men...

Men for all del, det e kje na Tone sin feil. Det e bare det at eg va veldigt innstilte på å, ja, ikkje akkorat "godta meg" (eller, litt muligens..), men gjerna heller bare få det bekrefta at jo, der fins litt småplukk der åg. Eg kjenne at eg ville vore litt mer glae i na då, å eg va jo det åg. Nå vett eg kje heilt kæ eg føle. Litt som at u har bedt meg me på någe, å så har u kje dukkt opp sjøl - å der står eg, i loose pantsen min, uden hverken vaseline eller någe...

Men, eg får nå litt oppmerksomhet eg åg i ny å ne. Ikkje mer enn at eg huske adle episoda, å tvihelde på di. Ein kollega av meg blei bedt me ut av en gjest her en dag. Han va i 20-30 årå, å en riktig trivelige, kjekke kar. Han har hatt mulighet te å spør meg i mange vege, men nei. Men an har nok sitt ringen... Vel, nå i helgå fekk Bente sin dose oppmerksomhet hu åg. Av en voksen mann. Han smilte, lo, å kallte na en herlighed. Ei skikkele flotte dama, å ei så fiksa alt. Han hadde og en knagandes go vits me någe telling; "en to tre fire fem, vil du være med meg hjem". Om an va øve eller onna 50  å om han hadde kvitt hår eller ikkje kvitt hår velge eg å bruka taushetsplikten på å ikkje sei någe om.