onsdag 31. desember 2014

Klar, ferdig, GÅ!

Eg har et relativt intettilstedeværende konkurranseinstinkt når det gjelde konkurransa og spel generelt. Heilt OK å tapa, å trenge ikkje ver fysstemann. Spesielt ikkje i selskapeligheter, då e eg alltid sist. Men mot mitt eget kjøtt og blod, mot meg sjøl, der e det en evig konkurranse. VM i Effektivitet. Konkurransen foregår på alle mulige plan. Kor mange deiga kan eg laga på 3 tima. Kor mange gonge kan eg dobla oppskriftå, å overgå mengdane eg lagte sist (som forøvrigt og va altfor møje), å den største av dei alle; Kor fort kan eg få alt på stell etter å ha vore ute.

Sistnevnte tok eg ny rekord på på mandag. Reiste på nyttårshandel etter jobb, å innom både Biltema, kjøpesenter, Rema, Kiwi, Coop Mega å Coop Extra. En må jo innom alle plassa for å gjer dei gode innkjøpå. Heile bilen full av posar. Muligt det e litt bilen sin feil og, si den e liten å posane store.. Mens eg kjøre rundt rekne eg på kor lang tid det blir i kvar butikk, å plusse på halvtimen heim. Viss eg rekne meg fram te at klokkå blir øve 8 før eg e heima, begynne stressnivået å stiga. 8 e det magiske tallet. Der skjer ingenting klokkå 8. Ingenting eg ska rekka, ingenting så begynne akkurat 8, å ikkje trenge eg stå opp før halv 7 - så eg trenge absolutt ikkje legga meg 8. Men 8 bør eg for den mentale helså sin del ver heima. Så begynne konkurransen. Kappløpet.

Det starta i det eg låse opp dørå. Springe fram å tebage mellom inngangen å bilen å bære inn posa. Inn, på med fjernsyne, tenna lys. Sortera på plass alt. Må på do, å jakken e på ennå. Legge alt på plass, sette et par gryte på kok.Å springe ennå fortere fram å tebage ittekvart så toalettbehovet blir mer kritisk. Legge torsk i ei gryta, skrelle gulerøtte - utejakken ennå på. Veldig upraktisk, armane e litt for lange å blir stadigt blaude under vasken. Jakken beholdes likevel på. Har ikkje tid å ta an av. Ser på klokkå, 5 min te torsken e ferige. Oppi me grønnsake på full guffe. Tebage te fjernsyne, tar med bestikk, salt å drikka på veien, å sjekke tv-guiden. Finne et program, legge klart bestikk, å legge klar ei puda te å ha i ryggen i sofaen. Får vondt i ryggen å blir så langt fram e bordet viss ikkje. Torsk ferdig, grønnsake koke. Ut med smør, av med plate, slår av vatne. Legge alt på tallerk, springe på do, jakken på ennå. Ennå mer upraktisk. Vaske hende, sette gryte i oppvaskmaskinen, å tar med tallerken bort på stovebordet. Tar av jakken. Alt klart. Ser på klokkå - rakk det igjen. Eg vant.
Å nåde TV'en viss det e reklamepause eller programmet e slutt i det eg e klar te å begynna. Det har me ikkje tid te. Halv 9 å eg har rukke alt - ingen ting å gjer igjen. Tenk dei så fordele ting litt utøve å har et normalisert forhold te ting.

Eg har ein illusjon om at eg e hu koseliga på gamleheimen. Hu så tralle å strikke, å ler å fortelle historia, å som alle pleierskane krangle om å få "ta".  Men eg vett at det ikkje stemme. Det blir ikkje sånn. Eg blir hu så sidde mentalt forstyrra på rommet aleina, i ubalanse øve at middagen blei servert fem øve 4 i plassen for 4 for 2 år siden. Komme aldri te å komma øve det.

 Det jillaste så fanst når me va små va å ommøblera i stallen. Setta gjeteren inn der Maria sko stå, å mixa å matcha englane å dei vise menn. Viss me tog heilt av va Jesusbarnet på taket, elle asen kom inn som Josef. Eg prøvde å lera Sofie litt om dette sist barnevakt, men eg kjente at der va litt fleire moralske å etiske problemstillinga så meldte seg nå - så det blei i mildere forme å med mindre latter.
Verdens jillaste barnevakt e fremdeles målet. Usikker om det e nådd, men at u fekk ver oppe å sjå film møje lenger enn avtalt har forehåpentligvis hjulpe. I tillegg fekk me en kvalitetssamtale om kæforr Bente hadde sjokolade under skoen sin. Me komme te å få mange fine samtale eg å Sofie opp gjennom årå.

lørdag 13. desember 2014

Manneengel leker med babyengel på gulv søkes.

Eg har hatt ein del jobbar. Byrkjedalstunet, Gilje Tre, Lyse, Rema 1000, Tryggheim ungdomskule,  Positiv Opplæring, Åseheimen,
Gjesdal Gjestgiveri – å nå Gilje Tre igjen. Når en slutte i jobb for en jo gjerna en liten oppmerksomhet – å det har eg gjort og. Eg huske ikkje alle, men ein gave sidde spikra.
Siste dagen på Tryggheim ungdomskule va alle samla på lærerrommet, te en liten avskjed. Å eg fekk pakke. Det e jo någe så hette at i krisesituasjona går kroppen på autopilot. Det kan bl.a. inntreffa viss du havne i ei ulykka. Plutselig så handle du, sjøl om du egentlig ikkje ane på forhånd ka du ville gjort. Någe tilsvarande trur eg det va som skjedde med meg.

Når eg gjekk på v.g.s., så budde eg men a Astrid. Hu hadde någen englar/figura, i en spesielle og kjente serie. Willow tree. Der finst englar/figurar for alle anledningar. Små englar, store englar, dameenglar, mannaenglar, gravid dameengel med mannaengel som holde på magen, dameengel med babyengel i gyngestol, mannaengel som leke på golvet med babyengel, gamleenglar med foreldreenglar å babyenglar – heile alle generasjonar e med! Der e ikkje måde på adle scenarioene du kan få desse englane i.

Di e ganske populære – å spesielt i någen kretsar versere di for fullt! Eg har aldri vore en fanatikar itte pyntfigura. Med unntak av Lykke og Trykke – lykketrollå så va med på adle turar når eg va litt mindre. Men dei fantes bare som Lykke og Trykke, ingen foreldre, besteforeldre, barn, gravid eller gyngestolversjon av Lykke og Trykke. Hadde du Lykke og Trykke – så va serien komplett.

Sånn e det ikkje med Willow Tree. Det e en evighetssirkel, å eg kjenne eg blir meste stressa av at en ska ha utstilt adle desse englane. Spesielt den med mannaengelen som leke på golvet med babyengel. Den ane eg faktisk ikkje kor eg sko plassert. An passe rett og slett ikkje inn interiørmessigt.

Men, når eg da åpna pakken fråd ei kjekke folkå på skulen, så åpna eg en Willow Tree engel. Krisesituasjon à  Sjokktilstand à Autopilot.
Eg har jo tidligare hatt drama på lærarskulen, å eg tur ingen stusste på reaksjonen.
«Åh, TUSEN TAKK! Sååå fine!! Eg samle jo på den serien, men AKKURAT DEN har eg ikkje!!» Eg trur faktisk aldri någen har blitt SÅ entusiastiske for en Willow Tree engel. I alle fall ikkje någen som ikkje samle på Willow Tree englar.

Willow Tree engelen min har flytta inn sjå Tone Kristin å Olav Erik. Dei samle selvfølgelig på Willow Tree englar. Di e utstilte og. Men eg trur ikkje di har den med mannaengelen som leke med baby på golvet – DEN ønske di seg nok te jul.

torsdag 11. desember 2014

Reinhold Schreiner

I dag hadde eg tenkt å gjer det. Legga an te. Erklæra vennskapet vårt for offisielt åpna. An måtte jo kjenna igjen etternavnet i alle fall. Å eg har jo lagra nr hans, å han har jo i alle fall hatt muligheten te å lagra mitt åg. An har jo fått någen meldingar.
Men an e der ikkje. Eg finne an ikkje.Det nærmaste eg komme e 6 versjona av "Dagmar Schreiner". Hu har eg aldri hørrt om - å eg e ikkje så intresserte i "mar"-en. I tillegg komme en "Reinhold Schreiner". Men det va kje han heller.. Eg ville bare hatt an Dag eg. Muligt eg må senda an en melding, eller kanskje aller helst stikka oppom an en tur. Det e jo en del år si eg va der sist - å eg vil jo ikkje an ska tru eg e sinte på an elle någe..
Men, enn så lenge får eg ta na Dagmar. Sikkert kjekke hu åg.

An Dag e kjekke, å sikkert u Dagmar å an Reinhold åg, men der e jammen mangen kjekke folk sånn utenom kjendisane og.

På jobb har veldig mange delt kontor. Det har eg og - eller, me. Nå e eg litt usikker kor taushetsplikten inntreffe, men sånn for ordens skyld kan me jo unnlata navnet på min kontorkollega. En risikere jo å havna med kem som helst når en ska dela kontor med någen, å eg må innrømma at eg ikkje visste heilt om eg sko gleda eller grua meg når eg fant ut kem eg sko sitta me. Akkorat så å få veta kem en havna på lag med i gymmen (eller kem en ikkje blei på lag med for en blei ståande igjen i høydehopplagsutvelgelsen..)
Men gubba eg va heldige! Ikkje at eg kunne endt opp med någen heilt krise, men eg e rett å slett meget fornøyd!

Me e ganske ulike - på mange måtar - å det som e litt kjedelig for min del e at der me e ulike e det hu som komme best utav det. Hu kan ikkje sei någe som kan ver i nærheten av stygt, om någen.  Det kan eg. Eg har tenkt at eg e ganske gode på det eg åg, å la ver alså, men sammenligna med henna konne eg vunne VM i ufine ting å sei. Ber her om at du holde fokus på at her e det hu så e eksepsjonelle - ikkje eg om bare snakke stygt om folk.. Du kan testa na åg, prøva å få na på spore av någe - funke ikkje.

Fysste gong u lukkte dørå te kontore, så tenkte eg at hold meg fast, NÅ ska u visa seg menneskelige hu åg. Eg måtte meste smila av glede at øyeblikket endelig va komt - å mangla bare popcorn å litt smågodt. Men, det va ikkje i nærheten en gong. Skuffelse de lux. Hu lurte på en kundeavtale, og døra blei lukka i tilfelle der tilfeldigvis sko vandra någen kunda i gangane som ikkje sko få med seg dette her.  Nå har eg ikkje ein gong forhåpninga når dørå blir lukkte..

Å sidda to på et kontor e fantastisk når du lure på någe, elle har glømt koss det va med det eina eller det andra. Hu komme seirande ut av den og. Når EG lure på någe, så snur u seg rundt, tenke å svare, å tenke litt te - å sette seg inn i det eg lure på. Når hu har svart, kan eg fint glømma å sei takk, å snur meg tebage te skjermen - mens hu kan sitta (fremdeles vendt mot meg, å nå bare ryggen min..) å tenka itte å forsikra seg om at eg har fått rett svar.

Når HU lure på någe, så har hu en aen tilnærming enn meg. Hu åpne med "Kan eg spør deg om en ting?". Den e langt triveligare enn min rett på sak.. Å vise at du tar den andre seriøst, å he respekt for at den kan ver midt oppi någe.
Men, når då hu har fått tillatelse te å spør meg om en ting, å då spurt, då e der to versjona av meg.
  1. Versjon 1 e den som gripe tak i kaffikoppen, snur kontorstolen rundt, å e klar te å lytta å hjelpa. God tid.
  2. Versjon 2 e stressa Bente. Tar ikkje kaffikoppen, snur seg halvveis rundt, å mens kollegaen utdype problemstillingen å spørsmålet, så e Bente litt til stede, litt snur stolen halvveis tebage å fortsette å skriva på PC'en, litt te stede igjen, litt skriving. U e så veldig raske med å snu stolen tebage igjen, for så å kanskje få dårlige samvittighet å fortsetta å snakka litt te -  med ryggen te å mens eg e heilt inni det eg holde på med, vel å merka.
Heilt klart ikkje eg som vinne den heller.
For ei stund si hadde me medarbeidersamtale. Eg hadde då nærmast en heile andakt om kor fornøyd eg va. Burde ha sunge någen sangar åg - men det blei det ikkje kkurat den samtalen. I ettertid har eg tenkt at gubba kor pinligt viss hu andra rett etter min hyllest har tilstått at det e ikkje någe særligt, å at viss der blir någen ledige kontor vil u gjerna flytta ut..

Eg komme veldigt dårlig ut av det med denne kontorløsningen. Eller, personlighetsmessigt tape eg någe veldigt, mens sånn gevinstmessig sett så e det jo eg så har vunne. Bare ikkje sei någe te na, kanskje hu ikkje ane någe å tenke at hu e heldige..stakkar..

Det einaste eg score på e kundeaviskontroll. Der e hu faktisk rimelig elendige. Eg føle meg som tidenes gjerrige kjiping når eg fortella na om supertilbudet der e på Rema denne vegå. Å hu har aldri fått det med seg. Mens eg erkjente at eg trudde nesten aldri (kan tellast på ei hånd i alle fall) eg hadde kjøpt en kjøttdeig te fullpris, konne ikkje hu ta igjen at hu hadde gjort någe aent. DÅ kjente eg jo at det gjorde vondt inni meg. Ikkje så lenge itte denne dype samtalen, så kom det tilbud på kjøttdeig. Me blei enige om at det va en god ide at hu å hennas familie hamstra litt då. Når helgå kom, å tilbudet nærma seg slutten, hadde eg mest lyst å senda en påminnelse - men holdt meg for god for den slags innblanding i familien. Vil jo ikkje VIRKA heilt galen heller.. U hadde glømt det. Ny vega med eksklusiv fullpriskjøttdeig.

Det sette meg egentlig ikkje i någe godt lys det heller. Nå e eg både kjipe, snakke stygt å stressa.
Men, eg har en viss omtanke. Ein dag for någen veger si hadde hu glømt ettermiddagsskjevå si. Full krise. Konne mesten sjå koss u bleikna, å blei slakkare å slakkare, "eg har glømt skjevå mi heima". Det va nesten en nær døden opplevelse på delt kontor. Itte det har eg passt på at der ligge litt nødproviant lett tilgjengelig. Viss någen sko glømma skjevå si å gå i sjokk..

Neste gong trur eg eg kun ska snakka fint om någen. Ikkje ta med meg sjøl som en motpart for å visa kor bra den andre e. Det sedde meg i et ekstremt dårligt lys. Evt. må en heller bruka någen andre som det dårliga eksemplet..

 

                                     GOD JUL!


mandag 1. desember 2014

Prisen for Årets jul på 1-2-3 går til..?

Sånn egentlig så har eg ikkje et veldigt utvikla konkurranseinstinkt. Eg trur i alle fall ikkje det. Men, julen 2014 har på mange måtar blitt ein slags konkurranse. Eg pleie alltid ver ute i god tid. Mine (minst!) 7 sorta e klar ei vega før advent, å alt e på stell. Eg e alltid fysst. Alltid.

Eg levde i fred og fordragelighet, og trudde eg hadde heile kontrollen å va i tet bare i form av planlegging, heilt te forrige mandag. Snap e det stora nå. Å forrige mandag fekk eg ein. Det har eg
for så vidt fått før åg, oppte fleire på ein dag, men denne va av någe heilt spesielt. En småkakedeig. Siri sin småkakedeig. Hu va i gang. Før meg. Eg kjente eg blei stressa, sjekka datoen - va eg seint ute..? Hadde eg tapt meg..? Va eg sjuge, sleden, elle p åranden te å bli ei som bare har seks slag te jul..?

Instinkte i meg slo inn me ein gong. Ner på krambuå, handla inn på ingrediense, å heim igjen. Smelte i samen 5 deiga, fant fram kakebomme, å sprang fram å tebage uden mål å meining. Å kjøkkenmaskinen kjørte, å kjørte, å kjørte - te der begynte å lukta litt småsvidd av an.

Neste dag va totalt via te steiking. Eg trudde eg hadde tid te å i alle fall eda middag fysst, men det sko eg jo aldri gjort. Borkasta dyrebar tid. En deig blir vel i snitt en 60-70 småkake. Eg hadde 5 deiga. E me optimistiske å går ut fra "bare" 60 småkaker per deig, blir de 300 kake - cirka 25 kake per brett. Kvart brett steige i snitt 10-15 min. Eg hadde cirka 12 brett. Totalt blir det då ca 180 minutt, eller 3 timar om du vil. Å det e effektiv steiketid. Effektiv steiketid kan du ha viss du har 12 steikebrett, å bare kan lina opp te steiking. Eg har ikkje 12 steikebrett eg. Eg har 2 store brett, å et par mindre. Eg steikte, trillde, steikte, trillde. En heile arbeidsdag hadde eg et idyllisk småkakeverksted. Litt varmt blei der, litt vel møje småkakelukt kanskje  - å litt i overkant mange småkake.. Ikkje hadde eg på julamusikk, ikkje va der någen nynning å godstemning, å ikkje i någe utprega julastemning - men eg gjorde det eg sko gjer. Jobba meg gradvis oppover på flink pike skalaen. Flinke pike e klar te jul. Flinke pike har kakebommene stabla opp te advent, å ler litt av dei som ikkje e i gang ennå, mens di lire ut at "det gjer jo ingenting, gode tid", sjøl om di tenke någe heilt aent inni seg.

Midt i stekeheten kom der ein nye snap. Frå den same så stelte i stand kaoset. Ein fin, koselige å idylliske snap av ei julastjerna, å en julastake. Pynting? Nå? Eg va kokvarme å dampa småkakelukt, å hadde så absolutt ikkje tenkt å dra fram någe julapynt i dag! Like etter kom ein nye snap. Fra Mona. Vanligvis sende Mona av ei sjokoladeplata, av Kjelli så søve, eller av ungane. Men ikkje denne gongen. Denne gongen va det ei julastjerna derifrå åg. Hu lurte på om hu sko gå for den nyinnkjøpta elle fjorårets. Eg pleie jo alltid ver før Mona jaffal..?

Eg sprang mellom steikeogen å soverommet. Drog fram  på julaøskje i adle retninga, tebage å bytta brett i ovnen, sette opp ein engel, trillde ut neste brett, monterte halvveis ei julastjerna, bytta brett, sette opp adventsstaken - men hadde ikkje tid å plugga an i. 6-7 tima med effektiv steiking å pynting. En heile arbeidsdag på Jula. Dei neste dagane kjørte eg temdaga med konfekt. Mens Siri kjørte dei tradisjonelle issjokoladane, avanserte eg med 3-lags med issjokolade, nougat, issjokolade - å selvfølgele ei valnøtt oppi.

Nå e alt oppe. Ikkje ferdigstilt, men det e i alle fall oppe. Eg e ennå me i konkurransen. Eg har minst 300 småkake, 3 slag konfekt, å mer i vente.

Å ja, julatreet e oppe. Spar meg. Game on!

Han har nok åg både sandkake å brune pinna klar!